torsdag 16. juni 2011

Oreokake

Denne er bare heilt fantastisk. Og veldig mektig. Derfor er det godt med noko friskt attåt, for eksempel bringebærsyltetøy...
Ingredienser:
ca 450 gr Oreo kjeks (3 pk)
100 gr smelta smør
1 pk  mjukna Philadephia (225 gr)
2,5 dl melis
ca 3,5 dl piska krem
2 ss sukker
1 pose sjokolademousse
2 dl melk til mousseen.

Brekk 1/4 av kjeksen i småbetar og resten av kjeksen i veldig små betar. Smelt smør og hell over kjekssmulane. Bland godt til det kan smøras ut i ei form.

Mix kremost med melis til ein luftig og kremete masse. Mix krem med sukker, og bruk ca halvparten av den stivpiska kremen til å røra forsiktig inn i ostemassen. Smør dette over kakebotnen og legg oppi halvparten av kjeksbetane. Avkjøl i 30 min

Lag sjokolademousse og ha i dei siste kjeksane. Smør massen over kaka og sett i kjøleskap ytterligare 1 time. Legg eit lag med krem på toppen og punt med vanlig sjokoladesaus.

La kaka stå avkjølt i nokre timar. Og aller best blir kaka om den får stå i meste eit døgn før ein skjærer rundt kanten, løsnar forma og et.

1 kommentar: